Ledig stilling
Hardingsmolt er i ein utbyggingsfase og skal om to år ha ein ny produksjonshall klar på tomta vår i Tørvikbygd (sjå meir info under Aktuelt-fana). I samband med dette tek me aktivt imot opne søknadar. Spesielt ser me etter mulige kandidatar med bakgrunn innan akvakultur, vannkjemi, kjemi, biologi, maskinteknikk, elektriker og automasjon. Andre bakgrunnar kan også vere interessante. Ei brennande interesse for næringa er alltid eit føremon.
Send gjerne din CV og søknad til marthe.knight@hardingsmolt.no.
Me på Hardingsmolt er opptekne av å læra, og alle tilsette har ei eller anna form for utdanning. Hovedvekta av dei som jobbar her har fagbrev eller jobbar med å få det. For driftsoperatørar er fagbrev innan akvakultur og havbruk ynskjeleg, medan på teknisk side er erfarne arbeidarar med fagbrev innan røyr, automasjon, elektro, bygg, mekanisk eller andre tekniske disiplinar aktuelle.
Det vert jamleg tatt inn lærlingar. Per i dag er det fire personar i lære i Tørvikbygd på faget akvakultur.
I administrasjonen følgjer me opp kvalitet, produksjon, personale, HMS og tekniske system. Her er det ynskjeleg med høgare utdanning og relevant erfaring.
I tillegg til ferdigstilt formell utdanning (eller viljen til å få det) trengs det sjølvstendige tilsette med gode haldningar. Me som tilsette er heldige som får lov å jobba med fisk som til slutt vert fantastisk god mat, men i dette arbeidet ligg det mykje tillit. Tillit får ein ved å stadig verta betre og gjera tiltak for at fisken har det bra i anlegget.